top of page
  • Instagram
  • Facebook
  • Pinterest

Kva er Vesla Rosa?

  • Forfatterens bilde: Ingrid Gjerde
    Ingrid Gjerde
  • 19. juni
  • 1 min lesing

Hei, og velkommen hit.

ree

Eg har lenge hatt lyst til å samle alt det kreative eg driv med på ein plass. No er eg endeleg i gang. Vesla Rosa er min måte å gi plass til alt eg likar å lage, prøve, fikse og finne ro i, utan å måtte passe inn i ein boks.


Her kjem det innlegg om hekling, dyr, negler, interiør, ADHD, stemningar og små prosjekter, og kanskje berre ein tanke frå dagen. Eg kjem til å vere ganske ufiltrert, for det er sånn eg fungerer best.

ree

Eg har ADHD, elsker rosa og cola, og kan ha det litt kaotisk med for mange hobbyar samtidig som katten min alltid likar å legge seg på.


I starten blir det mest blogging og bilete, men på sikt håper eg å lage digitale oppskrifter og kanskje ein liten nettbutikk. Det får kome når det kjem. Akkurat no er målet berre å komme i gang.

So, her er vi! Eg håper du finn noko her som inspirerer, roer ned eller berre gir deg lyst til å lage noko sjølv.


– Vesla Rosa 🌸


ree

 
 
 

Siste innlegg

Se alle

Kommentarer


Ta  kontakt  med  meg

© 2025 av Vesla Rosa

  • Instagram
  • Tiktok
  • Pinterest
image-from-rawpixel-id-18161044-jpeg_edi
bottom of page